onsdag 14. desember 2016

Dei vonde orda.

I begynnelsen var Ordet, og Ordet var hos Gud. Slik begynner Johannes evangeliet. Eg veit ikkje kva ord ein eventuell Gud såg føre seg der i starten av alt. Men dei orda som vi bruker for å beskrive verda no, skulle aldri ha vore brukt. Dei passar ikkje saman. Dei skulle aldri fått lov til å høyre til. Ikkje her, og iallefall ikkje viss verda var skapt av eit eller anna som ville den vel.

For kva for ein Gud, eller kva for menneske, har hatt ordet når desse orda blir satt saman for å beskrive forholda i verda?

Orda er så ufatteleg vonde. Dei fortel om barn som blir skutt, barn som blir torturert, om soldatar som går frå dør til dør og henrettar sivile. Redde barneauge, død, blod, halshugging, voldtekt, flukt, beleiring, barn fanga i ruinar, avmakt, motløyse, sinne, fortvilelse, redsel, frykt, bomber, menneskeslakting, fordrivelse. Skrik. Dødsskrik. Lidelse. Lista er lang. Og det gjer vondt å skrive den. Tårene renn for barna i Aleppo i dag. For mødrene, for fedrene, søner, døtre, bestemødre og alle dei andre som har mista alt. Som har mista kvarandre.

Det ville kanskje ha hjulpe litt, bittelitt, om orda forandra seg etterkvart som ein såg på det som er utanfor sjølve krigen. At dei ikkje fortalde om stengde grenser, eit kaldt Europa som snur ryggen til.  Drukning, død, strengare kontroll, kulde, overfylte flyktningeleirar, barn som frys i hel. Eg skulle ønske at det ikkje var mogeleg å sette saman ord for å fortelle om menneske som har så mykje hat i seg at dei tenner på teltet til barn som har flykta frå Helvete. Det skulle ikkje vere nødvendig å sette saman setningar som handlar om brannskada toåringar på eit sykehus i Hellas. Toåringar skal ikkje ligge brannskadde på sjukehus i Hellas fordi dei har flykta frå tortur og grusomme tilstandar. Berre for å oppleve at det finst enda meir ondskap enn det dei allerede har møtt.

Det orda beskriver er hjerteskjærande og meiningslaust. Eg vil ikkje at orda skal seie det dei gjer. Eg vil at orda skal fortelle om andre ting. At det var ord som medmenneske, nestekjærleik, varme, omsorg, glede, latter, åpenhet, husrom og hjarterom som rådde i verda. At det var desse orda som vant over dei andre.

Men dei som har ordet no, veit tydelegvis ikkje kva slike ord er. Og med dei som har ordet, meiner eg dei som styrer verda, både i og utanfor krigen. For med med mindre det kjem ein Gud snart og tar ordet tilbake, er det deira ansvar å sørge for at orda som skal beskrive verda, blir heilt andre enn dei orda som gjer det i dag.   


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...