onsdag 22. april 2015

Det var den lua


Det var den lua som gjorde noko med oss.
Vi hadde sett på dei lenge. Menneska som la ut på ei ferd dei visste kunne koste dei livet. Desse menneska gjorde det likevel, fordi dei ikkje hadde noko liv å flykte frå. Vi hadde sett bølgene, hørt om skrika, vi hadde delt sakene om organisasjonane som desperat ba Europa om hjelp. Vi hadde akkurat rukke å lese hetsen i kommentarfelta. Den var prega av fordekt frykt, til forveksling likt hat. For frykt kan gjere menneska dumme. Og feige.

Vi hadde signert opprop til statsministeren, vi hadde kjent på sinne og maktesløyse. Vi hadde rista på hovudet over meiningslause ord og skjøre lovnader. Vi lurte allereie på kvifor ingen handla, kor dei norske båtane blei av og kor mange fleire som skulle ende i Sydens våte massegrav.

Vi hadde sett tala over døde. Vi såg talet som viste kor mange som stod for tur og venta på land. 
 Men tal er vanskelege å forstå.

Så såg vi lua.

Den var rød og vi hadde sett den før. På våre eigne barn sine hovud. Vi hadde sett norske bestemødre strikke den. Vi visste at det barnet som har ei rød topplue er elska, og at nokon hadde tatt den på han fordi han ikkje skulle fryse.

No var lua klissvåt. Barnet som hang i armane på ein gresk fiskar pusta ikkje lenger.

Brått kom alt så brutalt nært. Det var umogeleg å sjå vekk. Kanskje kjente vi på det då vi henta våre eigne barn i barnehagen i går og tok på dei ei rød lue. Kanskje sang vi nattasang med klump i halsen, medan vi blei liggande å sjå på vårt eige sovande barn, som låg under ei varm dyne med raude kinn.

For medan tal kan vere vanskelege å knekke, kan eit dødt barn med rød topplue få hjartet til å briste.

                                Foto: AP


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...