lørdag 7. mars 2015

TA DEG EIN BOLLE OG SOKKEHIMMELEN

Av og til har du ein dag som ikkje heilt er på di side. Her om dagen hadde eg ein slik dag. Den var faktisk så lite samarbeidsvillig at før klokka var bikka 09 hadde eg parkert utanfor kiwi på veg til jobb. Det  var nemlig ein ting eg berre måtte ha. For de har kanskje høyrt det sjølve; at det er ikkje korleis ein har det, men korleis ein tar det, det kjem an på. Vel, denne dagen var det berre ein måte å ta det på. Eg måtte ta meg ein bolle.


Sjølv om bollane lindra ein del av det denne dagen hadde å by på, så var det som om eg ikkje var heilt i vater likevel. Det er flaut å seie det, ein skal liksom ikkje bruke det ordet, men utan å gå i detalj så var eg rett og slett sliten. Der sa eg det. Eg var sliten, og på grensa til å syns synd i meg sjølv. Dette må ligge til grunn for det som seinare skulle komme til å skje.

Det var hos fysioterapeuten min den neste steinen blei lagt. Ho behandlar bekkenløysninga mi, og det var i det ho satte dei bekymra og medfølande augene sine i meg, etterfulgt av orda om at eg burde vere 100% sykemeldt, at eg først kjente på det. Dette at eg var så sliten. Og det var som om klappet på skuldra mi på veg ut derifrå blei eit dytt i retninga eg seinare skulle ta. 

Sjølve hovedhendinga denne dagen skjedde derimot på Cubus. Det var der dagen verkeleg snudde. Og det er også her eg lurer på om eg blei utsatt for eit usedvaneg skittent, men dog effektivt salgsstriks. Eg skulle berre innom for å kjøpe store, behagelege truser. (Ein god grunn for medynk i seg sjølv) Eg stod i kassen med trusene mine og skulle KUN ha desse, då eg har slått meg litt vel laus på nettshopping av type yummy mummy og glammom og sånt i det siste. I rein refleks tok eg med meg ein pakke sokkar også, og det var då det skjedde: Dama i kassen seier at det er tre for to på sokkar, kanskje eg vil ha med meg eit par til mann og barn også? 

Eg meiner det, det var som om eg knakk saman. Eg kjente at eg orka berre ikkje meir. Eg orka ikkje kjøpe sokkar til mann og barn, eg ville ikkje heim til mann og barn, eg kjente at beina knapt kom til å klare å bære meg frå Cubus og ned i bilen, eg skjønte ikkje korleis eg skulle klare å handle, lage middag, hente i barnehagen, rydde heime, gå på jobb igjen i morgon. Hellige moder, korleis i alle dagar skulle eg overleve tre månader til med bekkenløysning og kvalme og søvnlause netter?

Det var då dama gjorde det. I det tårene skal til å sprute og åndenøden pressar på, seier ho med mild stemme og dei MEST forståelsesfulle auga du kan tenke deg: "Eg veit kva du treng. Desse kosesokkane her er heilt fantastiske, har du prøvd dei?" Eg ristar på hovudet. Og der, i ei korg ved sidan av kassen ligg dei. Fluffy, mjuke, pastellfarga og delikate. Dei lyser omsorg, ro, medkjensle og varme. "Kjenn på dei", kviskrar ho, og eg er solgt i det fingrane stryk over det som kjennes ut som ein varm liten kattepus. "Eg tar to, eg då", seier eg forsiktig medan eg dreg pusten på plass att, og tar eit par lyseblå og eit par lysegrå sokkar opp av korga. Ho berre nikkar. Ho forstår. 

Brått er det som om livsgnisten kjem sigande tilbake, eg kjem meg ned i bilen, eg kjem meg heim. Eg stavrar meg bort i godstolen, opnar Cubusposen med skjelvande hender og med mine siste krefter får eg på meg dei lyseblå herlighetane. Det er som om det skjer eit under. Ein skulle tru at dei var laga av kjærleikens eigne hender, det er som om hovudet blir bomull og kroppen berre sig saman av lettelse.

For å sei det sånn. Eg kom ikkje lenger den dagen.





1 kommentar:

  1. Ha ha, jeg har også lignende sokker. De er gode og mjuke, det skal de ha!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...