søndag 15. februar 2015

KOM TILBAKE!

Det som står i overskrifta der har eg aldri ropt til ein mann før. Ikkje som eg kan huske iallefall, og då tel det heller ikkje. Men no ropar eg det med heile meg. Inni heile meg, vel og merke. Det ville uansett ikkje vore noko poeng å brøle det høgt, for han som eg ropar det etter kan ikkje høyre meg, og eg vil ikkje at nokon andre skal tru at det er dei eg gaular etter.

Dette er forhistoria: Magnus har reist på ferie.
I det høvet har eg laga nokre lister:

1) Ting eg kan ha tenkt omtrent dagleg det siste året:

  • Tenk så deilig det ville vore å ha senga for seg sjølv.
  • Tenk så god tid eg ville hatt om det berre var meg å stelle om morgonen
  • Det er så stress å hente i barnehagen
  • Eg er så lei av å finne middag som alle har lyst på. 
  • Tenk om eg også berre kunne ta med sushi heim, drikke litt vin og stikke på vors. (Eg såg naboane gjere dette i går, og eigentleg var eg mest misunnelig på at nabodama var så tynn og pent kledd, medan eg sjølv gjekk i joggebukse og jakke som eg så vidt fekk igjen over magen).
  • Skulle ønske eg hadde tid å lese bøker
  • Skulle ønske eg kunne sjå modern family i staden for Fantorangen
  • Skulle ønske eg kunne reise jorda rundt
  • Magnus kjem aldri til å slutte med bleie, han kjem aldri til å slutte å kose med tommelen min, og han kjem aldri til å legge seg aleine.
  • Gud så deilig det hadde vore med litt barnefri.
2) Ting eg har gjort i dag, timar før Magnus skal på ferie (og vi får barnefri).
  • Eg kom grinande opp over kirkegolvet med Magnus og ein drøss andre 4-åringar som skulle få fireårsbok, vidare grein eg då vi sang ein dåpssalme, tårene trilla under "måne og sol" og jammen hadde dei ikkje toppa det med gråtevisa "Eg foldar mine hender små" (Har eg nevnt at eg er svært svak for salmar?) Eg snufsa medan Magnus gjekk fram og fekk levert boka (ekstra ille sidan eg stod ved sidan av), og eg grein også ein skvett i det organisten spelte oss ut igjen. (Eg er veldig svak for orgelmusikk).
  • Eg grein også då Magnus sa at lillebroren kan få tommelen min når han kjem ut, for han sjølv treng den ikkje sidan han no er stor gut.
3) Ting eg har gjort den siste timen:
  • Eg har hulka heile vegen frå byn til Åsane etter at Magnus gjekk hand i hand med besten ombord i ekspressbåten. (Det hjalp ikkje at Bon Jovi og Bed of roses var på radio, den e så trist og fin) 
  • Då eg kom heim snufsa eg litt til medan eg rydda opp eit halvt kilo krem og syltetøy frå det nyaste teppet mitt, medan katten åt opp resten av ein skvisa fastelavensbolle.
  • Eg har vinka til båten frå altanen. (Eg tenkte eigentleg å vifte med eit stort Norgesflagg, men eg fann det ikkje, så eg brukte eit kjøkkenhandkle.)
Det verste er at no når eg og mannen endeleg er aleine, klarer eg ikkje tenke på sushi eller anna take away, vin er uansett utelukka, og eg er ikkje i humør til å sjå Modern family. Faktisk trur eg at eg skal sjå ferdig Snehvit og de syv dvergene eg og Magnus begynte på i dag tidleg, medan eg legg meg i fosterstilling og tvingar mannen til å halde meg i tommelen.





2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...