tirsdag 27. januar 2015

TING EG IKKJE SKULLE GJERE NÅR EG BLEI GRAVID - IGJEN.

På same måte som eg gjekk på ein smell når det gjaldt ting eg ikkje skulle gjere når eg blei mamma, har det same gjentatt seg no når eg er gravid for andre gang. Det var nemleg ein del ting eg tenkte eg skulle gjere annleis denne gangen, slik at eg kunne gjennomføre graviditeten med meir stil.

Eg har synda:

- Eg kjøpte gravidbukse i fjerde måned, sjølv om eg var fast bestemt å gjere som moteeliten, berre gå opp en størrelse i vanlige bukser. Det er berre det at eg trur at babyen min ligg litt lenger nede enn deira, så det blei rett og slett for stramt.

- Følgande matvarer har funne vegen ned i gravidgapet: Store Mc Donalds menyar, brus, milkshake, is, meir brus, kjeks, sjokolade, kake, drops og diverse baguettar frå subway med følge av chips i diverse smakar. (At mykje har komme opp igjen på grunn av kvalme er vel strengt tatt inga unnskyldning). Eg har ete oboy med skei. Og eg har hatt fem skeier oboy oppi eit lite glas melk for deretter å styrte det.

- Eg har snakka om graviditeten. Masse. Også til dei som aldri har vert eller kjem til å vurdere å bli gravide. Det vere seg barn, menn og andre tilfeldig forbipasserande.

- Eg har klaga. Masse.


- Eg har lest at svangerskapskvalme rammar flest kvinner i den tredje verden. Etter at eg tileigna meg denne informasjonen har eg likevel fortsatt å klage.

- Eg har ringt mamma for å få trøst.

- Eg la ut bilde av magen på Instagram (lenge) før eg hadde tenkt.

- Eg deler alle detaljar om kroppens forandringar med mannen. Etterpå anklager eg han for å ikkje syns at eg er sexy lenger.

- Eg har ønska andre gravide dit pepperen gror (berre inni meg sjølvsagt) fordi dei ikkje er kvalme. (Det ER då verkeleg urettferdig?)

- Eg har ikkje tatt all omega 3-en og dei andre vitaminane eg skulle tatt. Har dåke sett kor store desse omega 3 pillane er eller?

- Eg går i joggebukse heime. No er den kne i, og flekk på. Eg går i den likevel.

- Eg har berre vore på SATS én gang på fire månader. I løpet av samme periode har eg gått omtrent same antal turar.

Og eg er berre halvvegs.


2 kommentarer:

  1. Oh yes, det der var akkurat som å lese om meg selv. (Du kan også legge til: Begynne å gråte fordi mannen ikke kjøpte pommes frites til meg på biltur.)
    Men gratulerer da du! ;) vi ligger temmelig likt i løypa en gang tll, ser det ut til.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hahahahaha, pommes fritesen ja! Eg blir jo sur når mannen ikkje kjøper det, til tross for at eg har sagt at eg ikkje skal ha...(Han BØR jo skjønne at eg egentlig har veldig lyst på, og koffor kjøper han ikkje, er det fordi han syns eg er feit?!) Gratulerer så masse til deg også! :)) Klem :)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...