søndag 23. februar 2014

TING EG GJERNE SKULLE VISST LITT FØR

- Når mora di i tenåra dine seier til deg at "Du kjem til å forstå kva eg meiner ein gong", så kjem du til å forstå det. Ein gong.

- Når mora di seier ho har rett, så har ho det.

- Kjærlighetssorg går over. Det tar iallefall ikkje livet av deg.

- Det same gjeld 9 av 10 forelskelsar.

- Du kjem faktisk til å syns at den oransje buksa i knitrande, syntetisk materiale ser grusom ut. Men ikkje før du får den i fleisen kvar gong du blar i albumet frå klasseturen i 10.klasse.

- Ved å sjå i same album skjønar du også kvifor du blei mobba for luggen, at selfien med Kjell Magne Bondevik ikkje var så hotshot som du trudde, og at det faktisk er ukult å ta bilete ved sidan av ein gardist medan du spelar luftgitar med venstrefoten. Det siste der er aldri kult. Uansett situasjon.

-   Du seier ikkje ja til å vere saman med halvparten av gutane i klassen på ungdomsskulen fordi du ikkje klarer å seie nei. Det er derfor dei i 10. klasse kallar deg flyfille.

- Seinare i livet er det også lov å seie nei. Ein gyllen regel kan vere at når du føler du har sagt nei for ofte, så kan du med fordel sei det enda litt til.

- Det vil svi når du tissar dagen etter at du har drukke deg full på tequila.

- Å drikke seg full på tequila er aldri lurt. Aldri.

- Du ser ikkje ut som Beyonce når du dansar, sjølv om du dansar til Beyonce si låt.

- Du blir kva du et.

- Livet hadde vore mykje kjedelegare om eg visste alt dette.

#Yolo



2 kommentarer:

  1. Haha, herlig liste! Hadde jeg ikke drukket (enorme mengder) teguila, eller sagt ja til å danse med fremmede på byen, så hadde jeg ikke møtt Drømmemannen. Så jeg heier på både teguila og ja'er, jeg altså.

    SvarSlett
    Svar
    1. haha! Ja, til rett tid og sted! ;))

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...