tirsdag 5. mars 2013

Nøkkelmonsteret!


Det e omtrent sånn det ser ut trur eg, Nøkkelmonsteret. Jysla skummelt e det, og det slår alltid til når du minst ana det! Dette monsteret har faktisk kludra det til for meg mang ein gang, og eg vil dra det så langt som at det til no er den største trusselen mot både ekteskapet spesielt og familiefreden generelt.

For det rare er at det er berre meg som veit om det. Og Magnus då, trur eg. Men han kan ikkje sei at han veit om det, for ordforrådet stoppar han. Så då er det mitt ord mot  mannen sitt då liksom. Og det tar litt på kan du sei.

Ta berre som eksempel desse dialogane mellom min og mannens telefon berre i løpet av den siste veka!

Fredag:
Meg: Uææææ, legg ut nøkkel!! Og husk at eg glømte legge den fram fordi eg bakte avansert brød til familien...;) Love U! (Her kunne eg skylda på at nøkkelmonsteret hadde ete dei igjen, men han ville ikkje trudd meg. Eg er derfor over på taktikken "Trekk fram gode eigenskapar ved eigen person, slik at samvittigheten hans stoppar eventuelle utbrudd mot same person, altså meg.")

Den same taktikken har eg prøvd meg med i denne meldinga:
Meg: Eg blir gaaaal, glømt nøkkel igjennnn, skjønna ingenting :( Eg som skulle handle, kjøre heim med varene, lage middag og vaske huset, vi får jo besøk og alt :((

(Før han rakk og svare fekk han denne:)

Eg har lagt meg nedpå hos mora di eg. Augene mine e gjenklistra. Når e dåke heime? Mora di seie ho kan lage middag.

(Heldigvis fekk eg husly, men synd med alt som skulle gjerast, damn you, nøkkelmonster!)

MEN så, i går, fekk mannen endelig oppdage at nøkkelmonsteret slo til mot han også!

Riktignok var eg (som vanleg) først ute:
Ehh, legg ut nøkkel...(flaut smil.. :S ..)

Før telefonen ringe klokka 08 og ein svært stressa mann gaula i andre enden: KOR E NØKKELEN TIL AUDIEN?? (Audien e liksom bilen han kjøre til jobb med, og han har som oppgave å levere Magnus i bhg på veien, eg er jo gone for lengst.)

Fordi eg e heilt bombesikker på at DEN nøkkelen IKKJE er mitt ansvar (sjølv om det kan hende at den på merkelig vis har havna i veska mi nokre gonger...nøkkelmonsteret..treng eg sei meir??) seier eg: DET veit eg desverre ikkje. Han legg på. Fortvilelsen ligg att som damp på den varme iphonen.

Eg sender melding:
Spør Magnus. Han pleier å låse opp bilane sine med den.

Får svar: Han ser berre ned når eg spør, og prøver å kose. (Tydelig tegn på at poden har arva mora sine overlevelsesteknikkar, men dette er ikkje tida for å fortelle mannen det.)

Eg: Eg har prøvd å meditere. Fekk eit syn om at nøklane er i dei grøne putene i sofan.

Mannen: (etter det som føles som ein halv evighet): De var i Sakkosekken!

Eg: Gud, eg e synsk! Sakkosekken er jo ei pute, og den har grøne element!! (Herre!Eg visste eg hadde evner utenom det vanlege, må ta meg ein kaffe for å roe meg ned.)

Mannen: Eg sparket til den, da dukket den opp.

Meg: puuhhh, letta.

Meg: Ps: Eh, husk å legge ut nøkkel..kjøpe nøkkelskap i dag!!

No skal nøkkelmonsteret bekjempast!! Watch out!!

4 kommentarer:

  1. Haha, kan det være at nøkkelmonsteret holder til på Sandaker også?;) for her lever vi for tiden med kun en nøkkel... Mannen minner om at han ikke mistet nøkler før han flyttet sammen med meg..flisespikkeri!

    Klem fra Carina (www.paasandaker.blogspot.com)

    SvarSlett
  2. Hehe, det kan godt vere, for eg trur dei sprer seg fort desse monstera her!;) Huff, dei e så pirkete desse mennene altså!!
    Klem :)

    SvarSlett
  3. Har vært verdensmester i nøkkelmisting siden jeg var liten :-) Livet er blitt litt lettere med nøkkelboks med kodelås på utsiden av huset. Da er det alltid nøkkel tilgjengelig om barna har glemt å ta med sin eller naboene må inn og lukke igjen et vindu vi har reist fra åpent på ferie. Kjempekjekt! Men hjelper ikke mot de hersens bilnøklene som aldri er der de skal være...

    SvarSlett
  4. Aha, nøkkelboks! Det hørtes lurt ut!..for eg har sjølvsagt ikkje greidd å skaffe nøkkelskap enda..;p

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...