onsdag 20. februar 2013

Nær døden!

Eg må berre sei det, at på søndag hadde eg en skikkelig nær døden-opplevelse! Det var rett etter at eg hadde satt meg tilrette på et overfylt leikerom på ekspressbåten med en lettare trøtt og småhyper Magnus på fanget. Eg rakk å irritere meg over ein familie som liksom eigde heile rommet (herregud, dei hadde ikkje ein gong lært femåringen sin at han må dele på leikane når eg kjem der med toåringen min), før det skjedde:

Eg trudde eg skulle dø! Det stakk plutselig i hjertet, eg begynte å kaldsvette, rommet snurra og eg blei dødskvalm. Seriøst!

Sidan eg e av den beskjedne typen, sa eg ingenting, eg tenkte at viss eg dette død om no, så skjønna vel dei såpass at dei må ta seg av Magnus og få han levert til faren på kaia i byn. Så eg satte meg heller til å tenke på at no skulle livet passere i revy, og endelig skulle denne panikken komme, som gjorde til at eg angra på det eg ikkje hadde fått gjort, og at eg ikkje hadde levd livet sånn som eg ønska, osv. Egentlig var eg litt spent, for eg har alltid lurt på kva som ville dukke opp.

Det var då det skjedde noko merkeleg. I staden for å sjå glimt av ei lykke som kunne vore der, type meg, Magnus og Pål på ei strand på ei øde sydhavsøy hand i hand med freda skilpadder, i staden for å sjå friår, sekk på ryggen, bistandsprosjekt i Uganda og mystiske reiser i fjerne asiatiske strøk. I staden for eit hus ved sjøen, lange og innhaldsrike år på universitetet, økologisk jordbruk og ein seglbåt med vind i segla (som er på lista over ting eg trur eg må gjere før eg dør), såg eg noko heilt anna. Eg såg livet mitt akuratt slik det er med alle sine feil og manglar. I all sin enkelthet stod det der som eit slags symbol på at eg ikkje ville ha endra ein drit, det var som om himmelen sa at dette er heilt greit det, Malene, du kan i grunnen vere godt fornøgd!

Ok, tenkte eg, men kva med alle eg veit har sagt stygge ting om meg og mine, kva med sladder, drit og bitre tankar? Vil eg ikkje ein gong angre på at eg ikkje viste nokon fingen?

Nei. Veit du ka? Eg fekk rett og slett lyst til å gi alle dei andre ein klem. 

Så sjølv om eg ikkje såg lyset elle nåke, og ikkje ein gong kom langt nok til å betrakte meg sjølv utanifrå (litt skuffa egentlig, tenk om eg aldri kjem nær døden igjen), så fekk eg såpass innsikt at eg frå no av skal drite i driten og klemme resten. Så på ein vanleg onsdag i februar får du herved ein klem. Eg har ikkje anna visdom å sende med den, enn at du leve både lenger og bedre viss du klemme meir, så send den gjerne vidare!




Livet e for kort til å la vere :p


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...