torsdag 31. januar 2013

Sidan sist...


...har eg synda litt mot dette nyttårsforsettet mitt om å dokumentere 2013 day by day. (Eg har for så vidt ikkje greidd å halde dei andre heller, så det er meir regelen enn unntaket dette då...) Men eg e jo dronninga av skippertak, (og har mastergrad i omformuleringar og definisjonstolkningar) så eg klappar meg sjølv på skuldra og viser her kva nokre av dagane i januar 2013 har brakt med seg! Eg startar med dette, som altså er ei handleliste. Eg har på grunn av manglande evner til å ta vare på små lappar og gjenstandar begynt å ta bilde av alt eg skal huske. Hendigt! Det at den er såpass kort er eit konkret utfall av manglande økonomisk styring, som igjen gav seg utslag i magre handlelister på tampen av januar.


Dette er frå ein dag eg fann ein gammal neglelakk i veska. Prøver å sjå kul og instagrammete ut, men det fekk eg ikkje til. Det har dermed vore upublisert inntil no. Det høyrer med til historia at eg like etterpå sprang på Rema 1000 for å kjøpe neglelakkfjernar. Eg får klaustrofobi av neglelakk, heilt sant! Det føles ut som om neglene skal kvelast. Bortkasta tid med andre ord.

Her har husmora slått til. For andre med deigangst kan eg anbefale å ønske seg ei kjøkkenmaskin. Etter at eg fekk ei til bryllupet har eg tatt heilt av. Dette er scones. Og heimelaga jordbærsyltetøy. Laga ein dag eg var heime med Magnus. Oh yeah. Supermom rises/returns!... and then shes gone...

Ah, ein bra dag.. Eller lunsjen var bra. Kurset som førte til at vi fekk lunsj, var av dei som du våknar av innimellom, i det hauet treffe brystet på mystisk vis. Eit sånt eit med fagleg innput, der eg ikkje burde blunke ein gang. Jaja, det var alltids nåken andre som fekk det med seg, tenke eg, som kan hjelpe meg når om eg står fast.

Her har eg prøvd å innføre ny helgetradisjon: Felles frukost. Mannen har ikkje heilt skjønt dette med felles..

Jobbfrukost.

Prosjekt fellesfrukost del 2: Han kom, han ville ha prim med yoghurt på, og han gjekk.

Eg trur det var etter det mislykka fellesfrukost-prosjektet at eg fann nok frustrasjon motivasjon til å gjere noko eg aldri har gjort før: Eg brukte 57,47 minutt av livet mitt på ei tredemølle.


Slik går det når eg og Magnus blir sendt aleine til øyenlege. 1: Brannalarmen går og seks etasja fulle i folk blir evakuerte 2: Mamma likar at (andre trur at) ting skjer, og sender dramatisk melding til pappa. 3: Mamma Magnus sjarmera brannmennene i senk og blir tatt med på tur. (Og nei, det er ikkje det du håpar/trur at vi har hatt lyst på lenge, som vi har hatt lyst på lenge, det vi har hatt lyst på lenge er noko så kjedeleg som ei trille. Og ja, eg har Pål lagra som Gutten min på mobilen. Småkleint, I know.)

Magnus har fått lysande sauer på rommet. Mamma Magnus elskar sauer.

Kloke ord. Klok son.

Etterlengta kinodate. På grunn av "fin restaurant-angst" endar vi som regel på den kjipe pizzashappa ved sidan av kinoen. Love it!

Prosjekt fellesfrukost del 3: Mor sin einsame frukost. Smakte godt, dog.

Prosjekt redd verden. På grunn av manglande evner til å finne ut av korleis eg skal redde verdas befolkning frå krig, svolt og elendighet, har eg no gått over til eit anna meir konkret tiltak: Prøve å redde nærmiljøet for vår tids tidlegare tabu: Ensomhet. Dette var ikkje lenger like flaut å vere etter at Reidun på 88 søkte juleselskap. Vel, eg kan kanskje bli litt i meste laget, men eg skal gjere så godt eg kan for at iallefall ein person skal føle seg litt mindre einsam. Ein plass må ein begynne, right?

Ha ein fin februar!!:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...