onsdag 16. januar 2013

Nattasang

Poden vil ikkje sove. Det er ein av dei kveldane der pappa har lagt han. Tilsynelatande med hell, men så finn minstemann ut at det er litt for kjedeleg å finne vegen inn i drøymeland på eiga hand. Etter fleire forsøk frå pappan si side, veit han godt kva som no er innan rekkevidde.

Mamma.

- No må Magnus sove, skal mamma synge en sang?
- Jaaa..
- Ok, so ro lille...
- Nei!Den!
- Ok, når trollemor har lagt...
- Nei! Den!
- Eg foldar mine hender små...
- DEN!!

Mamma må resignere. Det finst ingen veg utanom.
Eg tenkjer tilbake på dei siste vekene før Magnus blei fødd, då eg hadde fått ei bok med dei gamle og gode nattasongane i gåve. I nostalgiens grep pugga eg "Ingen er så trygg i fare" for å synge vidare arven frå kveldsstunder med ei farmor si trygge og lune røyst.

Den har fem lange vers.

Det veit Magnus.

4 kommentarer:

  1. Hehe.. Her har frøkna bestemt seg for at hun ikke vil ha nattasanger på senga..for de betyr visst natta;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...