onsdag 9. januar 2013

- Maaaammaaaa!!

- Mammaaaaa!!
Snart toåring som har vore sjuk i fleire dagar, men som er på bedringens veg, og har funne ut at mamma og pappa i svake øyeblikk med feberheit gut har gjort det legitimt med smoothie, kjeks, brus og søte saker. Kvifor la det ende i takt med at temperaturen går ned?

- Maaaammaaa!!
Ein liten gut som er lei av å vere inne, lei av å ta medisin, lei av å vere tolmodig, lei av å vere lei.
Kan ikkje mamma berre fikse det? 

- Maaammaaa!!
Ein Magnus som ikkje veit at mamma også er lei. Lei av å vere inne, lei av å gi medisin, lei av å vente, lei av å vere lei.
Kvifor fiksar ho det berre ikkje?

- Mamma?
Han står utanfor døra til badet, der ei mamma har lagt seg fordi ho tenkte det var den einaste plassen det var mulig å få ligge litt i fred. Berre fem minutt. Kroppen verkar, ho vil berre sove, men det er andre ting som gjer at ho må bite seg i leppa for å ikkje begynne å grine. For poden er blitt stor nok til å lukke opp døra og kjem inn til mamman sin, bøyer seg ned på huk, stryk ho over kinnet og seier "Hysj, Mamma!", som betyr at mamma kan berre sove, Magnus passar på.

Mamma. Det beste ordet som finst.



2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...