fredag 4. januar 2013

Kjære dagbok, 4.januar.

Løye med det, men GUL gensar gjer liksom eitt eller anna med dagen. Den blir på ein måte..meir gul..? For sjølv om dagen begynte med at vi brukte ein halv time å komme oss på lufta, så følte eg meg litt som ei sol. Kanskje i den versjonen som titta fram når det e lettskya pent ver, men dog!

 Høgdepunkta stod nesten i kø denne første fredagen i januar. Eg veit ikkje kor innvidde dåke e i livet mitt, men eg sende altså radio kvar morgon på Radio 1, i lag med Tommie. Då han va sjuk i dag, steppa Erik inn. Det skal han få gjere oftare, for med oppvsininga som dette, nøla ikkje eg med framtidig samarbeid!



Men så fekk dagen ei brå vending. For første gang i historia ville Magnusen legge seg nedpå då han kom frå barnehagen. I nokre få villfarne minutt var eg av den oppfatning av at dette var luksus, sidan eg ikkje kunne huske sist eg faktisk kunne ta meg tid til å lage middag etter endt jobb-og barnehagedag. Sånn utan at det tar meg eit par timar altså, vi et då middag  nesten kvar dag må vite!
Det var rett og slett veldig koslig å legge seg ved sidan av, poste et "God Helg"-bilete på Instagram, og i det heile tatt.
Middagslur er undervurdert, tenkte eg.
...Før poden i øyeblikket etter at dette kom på facebook kasta opp over både den gule gensaren og alt anna innan rekkevidde, og samtidig la grunnlaget for kva resten av helga truleg kjem til å handle om.

Livet e uforutsigbart. God helg!

4 kommentarer:

  1. Ha ha, når de plutselig vil slappe av sånn frivillig, er det ofte et dårlig tegn... God bedring! Og god helg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, berre uerfarne mammaer kan vere så naive;)Og takk!:)

      Slett
  2. Åh eg lika gult,men kler den best om sommaren....du va fine i den,da likje eg ser då ;))Hoff!! håpa da går bra med Magnus,verste sort sykje :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Gult e kult ;) Neida, e så lekkert til kvit hud atte! Går bedre no då, men vart jo litt av ei helg kan du sei..:/

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...