tirsdag 15. januar 2013

Baby, it`s cold outside...

Ok, på grunn av dagens (vekas) overskrifter, hadde eg tenkt å skrive eit sånt "Herregudsåteiteviersomklagaoverkulda-skulletrudetaldrihaddevorekaldtfør"-liknande innlegg. Du veit, eit sånt som gjorde narr av "Kuldesjokk i Norge" medan folk fryse i hel i Russland, der eg skulle harselere litt med VG sine tips til korleis vi skal pakke inn hunden, bilen og barna så dei overlever minusgradene. Vidare skulle eg tulle med opplysningar om kva vi skal drikke for å halde varmen, og kødde med at det er "heilt greit" (sitat VG) å bruke to ullstillongsar medan du trenar.  Kanskje skulle eg glimte til med Jan Thomas sine tips til korleis vi kan sjå bra ut TIL TROSS for 10 minus "Hoihoi, tenk at det går an då folkens!!" Det kan også hende at eg hadde snike inn ein ordførar på Tynset, som trossar ishelvete sjølv om nasa er attgrodd av frosne fjell. På spark, sjølvsagt. Ingenting stoppar norske lokalpolitikarar! Med unntak av vedkrisa, kanskje? ("haha, vedkrise - i eit  land fullt av skog, ka gir du meg?!")







Men så hadde andre rukke å gjere det før meg!

Som P3: SLIK PÅVIRKER KULDA OSS

Eller Jimmy Kimmel:



Og for å vere heilt ærleg: i den posisjonen eg er no - i saccosekken så nær peisen polyesteren tillater, med ullsinglet, ulltrøye med glitter (skikkelig fancy altså, begge er anbefalt på minmote), tova ulltøflar, stillongs (dog berre ein- enn så lenge), te (betre enn kaffi når det gjeld å halde varmen i følge ekspertane), etter å ha ribba svigermor for ved i rein panikk for å fryse i hel og med utsagn som "herregud så kaldt det e!SÅ kaldt kan det då ikkje ha vore før?" og som ivirg deltakar i samtalene som går omtrent slik "sykt kaldt ute!" "Ja, guuu, sist eg sjekka var det 8  minus!!" på daglig basis, så er eg vel strengt tatt ikkje i posisjon til å skyte (snøballar:p)

Eg fryse eg og!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...