søndag 30. september 2012

Ei barnehagemors bekymringar...

Du bryr deg plutselig om kva ein ettåring har i garderoben, og ikkje berre kva din eigen ettåring har der. Vel så viktig er det kva dei andre har. Eit godt tips er å skynde deg ut i garderoben når det ikkje er andre foreldre eller tilsette der, slik at du kan snike i dei andre barna sine kassar.

Du merkar at konkurrannseinstinktet blomstrar. Mellom anna kan det hende at du får eit kick etter at ein kollega har fortalt deg at ho sjølv fekk skryt for å ha den ryddigaste sekken. Det du gjer då er sjølvsagt å begynde med kassen, sidan barnet ditt ikkje er stor nok for sekk enda.Så klappar du deg sjølv på skuldra når du ser at dei andre sin kasse er meir rotete enn din.

Du higar etter anerkjennelse frå dei tilsette i barnehagen, og svevar lenge på kommentarar som at barnet ditt har sagt mange nye ord. Du tolkar det sjølvsagt dithen at han må vere på veg rett inn i Mensa si juniorforening. For om dei tilsette i barnehagen tar seg bryet med å fortelle kor intelligent akuratt din unge er, må det vere sant. Det er jo så mangen der, dei kan umogeleg skryte over alle!

Du føler deg som et barn sjølv, fordi du føler at dei tilsette i barnehagen veit best. Uansett. Du tør knapt snakke på foreldremøte fordi du er redd for at det som kjem ut av kjeften skal kunne tolkast dithen at du er uskikka som mor. Dette kan medføre overkorrekte fraser, som i beste fall kan gi dei andre inntrykket av at du er ein stiv snobb. Det verste av alt er at mannen presterte å møte opp i tynn jakke og joggesko, sjølv om lappen tydelegvis ba deg om å kle deg etter veret. Dermed må alle tenke at du er ei dårleg kone også, for alle dei andre står fint oppstilt i regnklede, medan mannen blir tatt med inn og kledd på av dei tilsette i barnehagen.

Du har angst for at det skal bli avslørt at du har sendt barnet avgårde utan navnelapp på trusa, og du kan bruke ein heil arbeidsdag på å lure på om skoa hans er begynt å bli litt trange. For google har fortalt deg at dei skal ha 12 mm å gå på, og det kunne sjå ut som om det kun var 11 sist du målte.  
-Kan dette kvalifisere for bekymringsmelding til barnevernet, undrast du, medan du kjem på at du har lite å gå på etter den fatale tirsdagen då  klokka var 16.29 i det du kom å henta han. (Eg har enda ikkje funne ut om det hadde vore best å fortelle sanninga som er at eg trudde dei stengte 17, ikkje 16.30, i staden for å sei det eg sa: at eg sat fast i trafikken..)

Det verste av alt er at Magnus ikkje ville vere med heim då eg henta han på fredag. Så helga har gått med til å øve på at han får kjeks viss han blir med i bilen. Mi største bekymring er derfor at han no skal begynde å seie kjeks når eg kjem og hentar han. Lite er verre enn at dei tilsette i barnehagen skal tru at eg gir han kjeks, for det er eg ganske sikker på at eg har sagt at han ikkje får. Kjeks er jo berre SÅ ukorrekt då, men desverre er det veldig vanskelig å lære han å både sei og å like brokkoli...


8 kommentarer:

  1. Trikset, Malene, er å kalle kjeksen for brokkoli, så er det ingen som skjønner hva du egentlig holder på med ;-) Og det er slettes ikke gale om lille Magnus roper brokkoli når han ser deg i barnehagen :-D

    SvarSlett
    Svar
    1. hehe, nei, det ville vel i så tilfelle vitne om en matpolitisk korrekt heim...;)

      Slett
  2. Åhhhh, ja!! Kjenner meg så igjen! Har mange påbegynte blogginnlegg av samme sort, hehe..

    SvarSlett
  3. så bra!eg var redd det berre var meg som hadde dette barnehagesyndromet...;)

    SvarSlett
  4. "Det verste av alt er at mannen presterte å møte opp i tynn jakke og joggesko, sjølv om lappen tydelegvis ba deg om å kle deg etter veret. Dermed må alle tenke at du er ei dårleg kone også, for alle dei andre står fint oppstilt i regnklede, medan mannen blir tatt med inn og kledd på av dei tilsette i barnehagen. " Hehehe, jeg ler meg i hjel her! Veldig glad for alle de morsomme innleggene du har kommet med i det siste!

    SvarSlett
  5. hahaha! vittig! gjenkjennelig! (litt kjeks må til av og til :)
    aina :)

    SvarSlett
  6. Hei Malene! er ny lesar, og syns bloggen din er heilt fabelaktig! Spesielt dette innlegget :D Jobbar sjølv i barnehage, alt du beskriv er normalt. :)

    Du gjer også ein god figur på radio! :)

    SvarSlett
  7. Hei, Randi!:) Tusen takk! Godt å høyre at det ikkje e berre meg ;) Og takk for at du høyrer på radio 1 ;))

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...