lørdag 29. september 2012

Du veit du er mamma når...

Du festar med jobben med mål om å rekke 1.30-bussen heim, og faktisk rekk den med god margin medan dei andre går vidare til neste utestad..(I tillegg bit ikkje lenger noko på deg, ikkje ein gong ein  liter vodka og battery, I tell you!)

Vidare våknar du klokka 05.00 av at ein liten krabat vil opp i senga di, kor du deretter prøver å få han til å sove i ein og ein halv time, før du gir opp og har "nachspiel" med melk og barne-TV.

Før du for å aktivisere begge, slik at DU ikkje sovnar og HAN ikkje kjedar seg, set i gang med husvasken klokka 08 ein lørdag...

...Og faktisk oppdagar at det gir deg mykje større livsglede enn det du var med på kvelden før.


2 kommentarer:

  1. Nett so e da :) kos til goingen med vaskekosten ♥

    SvarSlett
  2. Ja:) han sende slengsussa tebakers <3

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...