lørdag 4. august 2012

Kven vil du vere i dag?

Eg trur ikkje eg er den einaste som etterkvart er begynt å bli kraftig lei, for ikkje å seie sliten, av den pynta verkelegheita! Eg snakkar sjølvsagt om den verda vi kvar dag møter på facebook, Instagram og Twitter, altså den verkelegheita mange vel å vise oss, uavhengig av kva verd dei eigentleg lever i.

(For dei ekstra interesserte anbefalar eg denne artikkelen, om egoet vårt som blir pleia og opphøya fordi alle no kan sjå ut som modellar, berre redigeringsprogrammet er det rette!)

For ein kan bli i slitnaste laget av å alltid skulle framstå perfekt. Det gjeld også- eller kanskje aller mest, -oss småbarnsmødre. Kjære vene. Det er ikkje berre berre å skulle skjule skitne krokar og øyrer, busemenn som er klistra under sofaen, våkenetter, sure barn, sure menn og eit enda surare meg sjølv, for resten av omverda. Men vi bit tennene saman, redigerer tekst og bilete, og vi greier dag etter dag å få det til å sjå ut som om overflata av livet vårt er like glatt som golva mannen vaska i går, etter at han kom heim med blomster, laga ein treretters på eit ferdigdekka bord med tente lys, og tok meg med storm i ein heftig elskov etter lavkarbodesserten.

Men no gidd eg ikkje lenger. For eg kjente meg så godt igjen i denne:


Så eg tenkte at det kanskje er på tide å berre vise alt. No er i grunn ikkje mitt liv så hakkandes gale, og ikkje trur eg at eg framstiller det så innihampen idyllisk heller. Men om nåken har tolka det dithen at eg er perfekt: Fortsett med det! Men la meg berre vise eit par døme frå behind the scenes:

Det som kunne komt, og det som aldri kom på facebook!:


La oss begynne med eit skikkeleg Facebook-moment, dåke!
"Magnus kosa seg med yoghurt i sofaen, nam nam!"


 Sanninga er at heile sofaen den dag i dag luktar stramt på grunn av størkna sur melk, og at faren til avkommet, ja, det er han du ser behageleg plassert i bakgrunnen, ikkje løfta ein neve for å avverge katastrofa.
NOT a perfekt facebook-moment der altså!



Eit nytt eksempel: Lillegullet ser ut som det han er, nemlig verdens fiiinaste lillegull, sååå snill og søt og truskyldig, med det vakraste blå blikket du kan tenke deg. Han veit enno ikkje kva det vil seie å gjere rampestrekar, for ein oppdragelse dette vidunderet må ha!
Og det må på facebook:

"Lillegull er heime frå barnehagen med feber i dag, snille vennen og mamma skal kose seg og slappe av på sofaen med film hjærtehjærtehjærte"


Men vent litt...kva er det lille gullet gjer??          Eigentleg burde det ikkje vere noko problem å fikse,
                                                                              men lille gullet  har ingen handymamma!
                                                                               ...Og IKEA laga så inni Hel#"@t% trange trekk!!

 Absolutt ikkje facebook-stoff!

Vi kan fortsette med mor!
Dette kunne eg lett lagt ut, med ein liknande tekst:
"Sjå så fiiiiine reddika, frå min eigen kjøkkenhage!!Det skal bli nam nam på det nybakte brødet som står i ovnen. Love it!"

Det er mindre sjanse for at sjølve kjøkken"hagen" kjem andre for auge, då desse stakkars reddikane var alt eg fekk pirka ut frå virvaret av brune, ekle sniglar og ugras!
(Det med brødet var sjølvsagt fake. Har ikkje ein gong ei stakkars brødform å vise til..)

Og til slutt, kanskje det mest klassiske eksempelet av dei alle..
Mor treng nytt profilbilete. Men herregud altså! Etter 30 forsøk ser ho like bleik og jævlig ut, uansett kva for vinkel ho vel! ærlig talt, dei posane under augene viser no ikkje i spegelen? Drittkamera!!


Men no treng ein jo ikkje bruke tid eller krefter på å sjå bra ut lenger, for ka gjer vi? JO, vi lastar ned Instagram! DER ser jo alle bra ut! Berre sjekk forskjellen, heile meg har jo fått ny farge, glans og fornya sjølvtillit etterkvart som tomlane openberrar seg på det nye profilbildet på facebook.

Magisk, det er det det er!


..Så, kven vel du å vere i dag? Den redigerte utgåva av deg sjølv, eller den du eigentleg er?
Valget er ditt!

2 kommentarer:

  1. Hihi du e no goe e du :D håpakje du kom på ditta fø den vesle "jobben" eg gjor for deg idag ;))) Ha ei goe helg :)

    SvarSlett
  2. Takk ;) hehe, nei, overhodet ikkje! DER va eg jo akkuratt den eg vil vere!!:))

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...