onsdag 11. juli 2012

MAGISK MIDTSOMMAR

Eg har lenge prøvd å legge ut bilete frå bryllupet vårt på facebook. Men eg får det ikkje til. Det er nokon som seier at "bileta taler for seg sjølv", eg er ikkje einig. Det som hende den dagen er så nært og intimt. Så fullt av følelsar, tankar, lukter, lydar, og alt anna som berre ei brud kan sanse i sitt eige bryllup. Bileta kan ikkje vise korleis det var. Det er det berre hjarta som veit. Det kan ikkje delast med andre. Korleis kan eit bilete vise alt eg hadde inne i meg alle dei gangane eg i løpet av den siste månaden strauk hendene varsomt over kjolen som hang å venta på meg? Korleis kan det beskrive kva eg følte i det eg kom heim til mamma og pappa, og kjolen hang der på barnerommet mitt, forsiktig hengt opp av mamma sine mjuke hender, på ein stad der den var merkeleg malplassert men likevel høyrde heime? Korleis kan bilete vise lengselen etter å vise HAN dei handsydde blondene, det sarte tyllet, det silkemjuke sløret, eller slepet eg forelska meg i første gangen eg la augene på det i brudesalongen lenge før jul i fjor?

Korleis kan bilete vise lengselen etter å få seie ja?


Eg er redd for å vise andre dette, for inni meg er dette så uendeleg stort og vakkert. Kva om andre ikkje ser det, tenk om andre ikkje likar kjolen, eller syns eg var fin, tenk om dei som ser desse bileta og som ikkje var der, ikkje skjønar at heile dagen var som eit vakkert, magisk sukk?



Andre kan ikkje sjå at eg kneip meg sjølv i handa eller banka meg i panna for å roe nervane. Dei kan ikkje sjå at eg var så redd for å ikkje vere vakker, eller for at HAN ikkje skulle syns eg var den nydeligaste bruda han hadde sett. Dei kan ikkje sjå det som kverna i brystet, dunka i hjartet eller smaug seg gjennom tankekanalane bak ei klam panne. Dei ser ikkje speglbiletet eg såg, eller den vakre blomekransen som gjekk av og på med skjelvande hender. Dei djupe pusta som aldri rakk magen. Barndommen som sveiv forbi, blikka mellom meg og veninnene som sa at dette har vi snakka om i 20 år, men no er det ikkje ord igjen for å beskrive det som endeleg er her.




Dei kan ikkje sanse dei vakre blomane, nokre i full bløm med all sin sødme. Praktfulle underverk i all sin enkle sjarm. Andre med lukka knoppar, tilkneppa og sarte, som om dei kvei seg på å spreie blada sine og sei at
"Her er eg i all mi prakt, klar for det som måtte vente, dette er så bra som eg kan bli, dette er meg på mitt vakraste, ver så snill å elsk meg!" 

Akuratt som ei brud i det kyrkjedøra opnar seg.




Bileta kan ikkje vise kva det betydde for meg at ei eg er gla i las om kjærleiken så den gjekk rett i hjartet til alle som høyrde på. At ein ung mann las ein tekst unge menn aldri les, og som nettopp derfor gjer det til noko av det mest rørande ein kan tenke seg. Eller at sangen til Daniel og Kristoffer satte alle ut av spel, med ord som handla om at orda ikkje betyr noko viss ikkje vi meiner dei. Kva er eit "ja" utan meining? To bokstavar.

Vi ser ikkje tårene, vi kunne aldri høyre dei, så stille som dei fann vegen nedover blussande kinn. Vi kan ikkje gjenskape dei klåre stemmene eller tonane frå gitaren. Bileta kan ikkje vise at presten song med, medan han vugga takta så prestekjolen dansa bak alteret. Vi høyrer ikkje at Han sa "Ja" som om han hadde øvd i årevis, ikkje ein gong alle som var der høyrde bruda sitt kviskrande svar til presten og han ho elska.


Men alle kunne sjå kjærleiken.



Men dei kunne ikkje sjå at jenta som hadde rukke å bli 28 år hadde drøymt om å stå på denne kyrkjetrappa i kvit kjole sidan ho var ei lita jente med utsikt til denne kyrkja frå rommet sitt. Ingen kunne vite at ho til og med hadde øvd titt og ofte på å stå der, at ho hadde memorert utsikta, trammen, og korleis døra kjennes ut i ryggen på ein varm sommardag. Varm og lun, som ei stødig bestemor hadde kyrkja vore der for henne, og denne dagen var intet unntak, det var som om den omfamna henne med alt som var trygt og godt, og det var som om den sa
"Velkommen heim, no er du i mål."


Så var vi kanskje i mål, men dagen var så vidt begynt å strekke på seg. Såg dei andre sola som kjempa om plassen med dei mørke skyene? Kjende dei tyngden av små regndropar som lette hjerteslag mot brusete hår? Såg dei at trea så vidt vinka oss til lukke med dagen med ørsmå bevegelsar, redde for å forstyrre alt som skjedde rundt dei? At kyrkja heldt auge med oss i det vi vandra lukkelege nedover graset, der eg har trakka sidan skoa var ti nummer mindre? Høyrde dei trillande latter i bilen? Høyrde dei like godt som meg at dei tomme hermetikkboksane også sang for oss der dei kom hoppande og sprettande bak oss? Veit dei andre at vi lo bak ein traktor eller vinka til ein gamal mann som pleidde å køyre meg til skulen med bussen?

Såg dei ei brudepike som vandra bestemt avgårde medan buketten ropte "vent på meg!" fordi den vart liggande att i vegen?


Dei såg iallefall ikkje eit brudefølge på veg til fjells. Dei visste ikkje at det dyre nye undertøyet med dei fine strømpane låg att i Bergen, og at bruda hadde lånt  knestrømpane frå leikekassen i barnehagen.


Kan hende stod dei andre gjestane og syns synd i oss fordi sola tok siesta. Dei visste gjerne ikkje at eg er gla i det grå.




Såg nokon andre at Alden hadde stramma seg ekstra godt opp denne dagen, eller at Brurastakkjen allereie svinga seg i brudevalsen for oss?

Eg såg det.




Og eg såg at eg fekk lov til å skine i glansen til heile mi barndomsbygd. Den kunne ikkje ha laga vakrare kulissar enn det den gjorde denne dagen. Det var som om den hadde jobba i fleire veker, og no kunne den berre stå der og betrakte oss, godt fornøgd med at den hadde lagt alt til rette. Det var som om greinene på trea og blomstrene på marka hadde stilt seg opp i eit kor som aldri har vore meir samstemt.









Når alt er så stort at ein ikkje greier å verken fatte eller snakke, er det dei små som ofte greier å gjere det store litt mindre. Som å få alle til å le, eller hjelpe ei nervøs brud med slepet. Så er ikkje det store berre skummelt, men brått litt nærare og lettare å omfamne.



Og av og til er det faktisk ikkje nødvendig med ord...


Men så kjem dei likevel, og er så vakre at dei er vanskelege å ta inn i hovudet, så ein gøymer dei i hjartet.

Medan andre kan ein ha for alltid, fordi dei er skrivne og heng på eit tre.



Også prinsesser må lese eventyr, fordi dei er så uendeleg glad i prinsen sin.



Og så er ein så lukkeleg, og dansar brudevals til ein låt uten valsetakt, fordi den minner om den siste dansen på uendeleg mange festar i lyse sommarnetter. Men dette er ikkje ei kva som helst sommarnatt. Den er ikkje ei av mange. Det er berre denne natta, og det er berre denne dansen. Og ingen netter er lysare, ingen tonar djupare, og ingen steg lettare å ta.


Tonane forsvinn ut i sommarnatta. Den lyse. Den eine.
Alt er så magisk, og før dei siste bileta vil ende opp i eit blogginnlegg som var nødt å bli laga fordi orda måtte få lov til å halde bileta i handa, kan kun dette diktet beskrive resten. Det diktet som pappa las for meg i det den vakre sommardagen blei til ei magisk midtsommarnatt. Eit dikt som seier betre enn noko bilete kva denne kvelden handla om.


Junikveld

Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster...

Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svimlende kort den stund
vi mennesker er sammen


"Lukke er ikkje noko du opplever, der er noko du hugsar."




Til slutt vil eg takke Sandra for å ha tatt alle bileta. Eg trur alle som les dette ser at bileta seier meir enn tusen ord. Det er berre det at der du og andre brukar linsa, må eg bruke ord. Men du har verkeleg greidd å skildre sjela i denne dagen. Orda vart lettare å finne når eg fekk bruke dei til bileta dine. Tusen takk!

11 kommentarer:

  1. Så utrolig vakker skrevet, Malene. Jeg ble helt rørt. Ser ut som dagen var helt fantastisk :) Pål er heldig :)

    Klem Linn

    SvarSlett
  2. Så utrolig rørende og vakkert, Malene! Det ser og høres ut som dere hadde deres perfekte dag, og dere er virkelig nydelige begge to!
    Gratulerer igjen, og takk for de nydelige ordene :)

    SvarSlett
  3. Sit her med `gåsehud`og les. Fine ord og fine bilder frå eit nydeleg bryllup.

    SvarSlett
  4. Nydelig skrevet :) gratulere med dagen :)

    SvarSlett
  5. Eit fantastisk bryllup, utrolig vakkert skrive malene! *gåsehud*Dagen var perfekt, er så glad for at eg fekk dele den med dåke!!

    SvarSlett
  6. Så nydelig skrevet!! Virkelig.. Om man allerede ikke har et ønske om å gifte seg får man hvertfall lyst etter å ha lest dette!!

    SvarSlett
  7. Tusen takk alle saman!Det er å anbefale!;)

    SvarSlett
  8. Så utruleg fint skrevet <3 klump i halsen og tåre i auga.E so glad for at dagen blei som du hadde drømt om.Det var ein nydeleg dag som alle som var der vil ha gode minner om.Klem<3

    SvarSlett
  9. Tusen takk <3 den blei meir enn eg hadde drømt om!Takk for at dåke var med på å gjere den så minnerik! Klem <3

    SvarSlett
  10. Eg er jo vorten fast følgjar av bloggen din, på grunn av tilfeldighetar sånn i utgangspunktet.. Men guri så glad eg er for det!! Du skriv så utruleg bra, ærleg og levande! Rørande å lese om den Store Dagen. Og når eg såg overskrifta på diktet kjente eg klumpen i halsen, fantastisk dikt som eg held nært hjarta <3 Gratulera som nygift, ta vare på kjøkkentramstundene!

    SvarSlett
  11. Tusen takk for gode ord, Silje, no er det eg som blir rørt! Ja, det er eit vakkert dikt, ein hyllest til den vakraste månaden eg kjenner :) Takk, det er dei beste og viktigaste stundene å ta vare på, spør du meg! <3

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...