søndag 29. april 2012

Eg skal hugse

Eg skal hugse den vesle nasa med snørr under, og det våte kinnet trykt inn mot mitt eige, i det eg la deg i senga vår i kveld fordi du ikkje fekk sove.
Eg skal hugse dei lubne nevane dine, som famla med håret mitt, medan du mumla mamma i halvsøvne og hiksta vart kortare etterkvart som du nærma deg drøymeland.
Eg skal hugse blikket ditt som møtte mitt, og sa betre enn tusen ord at du var glad eg forstod.

Det skal eg hugse når tårene sprett fordi du er sint
på meg.
Det skal eg hugse når hendene dine skubbar
meg vekk
Det skal eg hugse når blikket ditt seier betre enn tusen ord at
eg ikkje forstår.

Men eg skal sei det same som eg sa til deg i kveld:

Mamma er her.

5 kommentarer:

  1. Enig, nydelig:) Og gjenkjennelig.

    SvarSlett
  2. Fine, rørande, ord :)
    For ein herleg blogg du har! No har eg vorte anbefalt den på to ulike forum, på grunn av to ulike innlegg; "Ting eg ikkje skulle gjere når eg får barn" og "Skumle ord". Likte godt begge dei vidt forskjellige innlegga. Har sjølv ein gut på 9mnd med downs <3 Du har herved ein ny, fast lesar =)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Silje! Det betyr mykje for meg at nokon kan få noko ut av det eg skriv:) Nyt mammalivet!< 3

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...