tirsdag 28. februar 2012

PermiTVsjon

OK. Enten har eg gjort det på feil måte, eller så e det (plisplisplis) andre mødre i det som etterkvart nermar seg eit års permisjon, som vil kjenne seg att i dette.

Truleg har eg gjort det feil. Permisjoniseringa altså. For ikkje kjenner eg eit umiddelbart kall til å få fleire barn på løpande band, slik at eg kan fortsette å vere heime. Ikkje e eg begynt å bake, og eg har heller ikkje prakka på blogglesarane mine interiørtips, kakeoppskrifter eller strikkeoppskrifter for den del. Og var det ikkje dette permisjonen skulle innehalde? At eg fekk kallet? Heimeværande-mamma-skal- ha- fire- barn- og- fire- forkle- fordi- dei- blir- fort- skitne- på- grunn- av- all- den- heimelaga- maten-kallet?

Bortsett frå nokre supper frå bunnen, som skitna til alt anna enn eit ikkje eksisterande forkle, eit mislykka forsøk på supermatgrøt, og ei svært heldig bolledeig, har eg ikkje sett lyset for å sei det sånn. Ikkje for det altså, eg likar å tilbringe tid med verdens herligaste skapning, og vi e som oftast på farten, eller i hurramegrundtleik på golvet, på tur eller på andre sprell, men eg trudde altså at når han sov, eller hadde kvalitetstid med slekta og sånn, så skulle eg sitte med nasa i eit kulinarisk eventyr av ei oppskriftsbok, eller i ein kjøkkenhage eg med stor entusiasme hadde planta, eller i det minste med ein klassikar av eit litteraturverk i handa. For som mor kom eg sikkert til å forstå både Tolstoj og Ibsen. (Kan godt hende eg forstår dei, men dei har vel eigentleg aldri fått åpne seg for meg for å sei det slik.)

Eg har altså lurt på kor kallet vart av, heilt fram til for nøyaktig 5 minutt sidan.

Då fann følgande korte samtale stad i stova: For å sette scena, sit besta i sofaen med eit strikketøy, medan eg set godt tilbakelendt i godstolen med fjernkontrollen parat. Mannen e nettopp komt frå jobb, og stakkaren har varma seg nåke first price pasta greier.

Mannen: Ka ser dåke på?
Eg: Modellbyåret! Men det e berre mens vi venta på Hotel Cæsar!

Som sagt. Eg trur kanskje det gjekk gale ein stad. Kallet forsvann mellom gamle episodar av Charmed, Unge mødre og Juni Anker Hansen. Så desverre kan eg ikkje gi deg gode tips til middagar for heile veka, råd om kva temperatur reddik treng for å trivast, eller kven Nora i eit dukkehjem eigentleg er.

...Men spør meg om kven Otto i Hotel Cæsar er, eller om Astrid Anker Hansen still goes strong, og jammen skal du få svar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...