fredag 10. februar 2012

Kor e du, Jon?

Eg saknar deg, skjønar du! Men eg forstår deg så godt. Det er lite freistande å besøke oss når du blir møtt av eit hylande pysjamastroll på 11 månader, som sikkert feiar deg vekk med både armar og føter. Og det kan godt hende du verkeleg har prøvd å komme deg inn døra, eller vindauget for den del, og forbi dei kvite sprinklane og den blå sengehimmelen. Eg veit ikkje kor du kjem i frå, men eg veit at du må komme. Og det snart!

Det verkar som ein evigheit sidan du var her sist, sjølv om det kun er snakk om nokre neter. Men eg treng deg! Vi treng deg!

Eg trur du var innom i natt, eg følte ditt varme og silkemjuke nervær. Men du gjekk på feil rom. Det hjelp desverre ikkje å drysse det herlege støvet ditt over meg, medan du nynner så vakkert på ein florlett voggesang, som lokkar og dreg meg mot dit eg vil vere meir enn nokon annan stad, viss ikkje du besøkjer naborommet først. Uansett kor godt det kjentes å nesten besøke landet eg er blitt så gla i, uansett kor godt det var å synke nedi den heilage tempurputa mi, som snart er størkna av for lite bruk, og gropa etter nakken min kun er eit svakt minne. Uansett kor befriande det hadde vore å la augeloka synke, så går det ikkje. Ikkje når han på naborommet avviser kvart minste forsøk på å hjelpe han med å oppnå den same, fantastiske og tidligare akk så undervurderte søvnen.

Han veit ikkje kva han går glipp av. Men det veit eg. Han er like opplagt dagen etterpå, men det er ikkje eg. Augene hans er like tindrande, medan mine har eit grått slør over seg. Og i aller høgste grad under seg.  Og medan han ser like sunn ut, med store raude kjakar,  minner eg mest om Heksa Hvit i Narnia. I beste fall.

Så kjære Jon Blund, kan du vere så snill å berre prøve bittelitt hardare i kveld? Kanskje du kan lokke med eit kjeks? Det skulle skaffe deg nok tid og rom til å gjere det du må. Og viss du greier å lokke han inn i drøymeland, kan du ta fri. Då klarer eg nemleg å finne vegen dit sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...