tirsdag 3. januar 2012

Palme til besvær

Eg har veldig vanskeleg for å kvitte meg med ting. Det vere seg nips som ein gong passa perfekt i dei den gong så moderne settekassane, dåke veit dei vi hadde på romma våre med kindereggfigura og anna rask i, vasar med skår i, glansa magasin som ikkje skin lenger, U name it, I have it...Eg har til og med liggande gamle kladdebøker og ein gong så velskrivne stilar frå min ungdoms vår og enda lenger tilbake.  Alt ligg der og samlar støv medan eg ventar på at det brått skal bli bruk for det. Ein veit jo aldri, det kan jo hende Magnus treng hjelp til å skrive stil ein gong, og kva er då betre enn mamma sine ferdigskrivne? 

No skal det seiast at eg etter utallige flytterunder, og med redebyggarhormon i fri utfoldelse, faktisk greidde å kvitte meg med ein god del av dei evige stayerane på flyttelasset i fjor vinter. Det var nokre julegåver frå velmeinande slekt som forsvann i "tomma intet" for å sei det sånn. Fretex fekk også sine sju posar med utvaska klede, og i Hviterussland kan dei umogeleg fryse etter lasset som fann vegen dit. Det står riktignok nokre plastkassar både i kjellar og på loft etter meg rundt om kring, og kladdebøkene mine får du aldri, men eg har iallefall greidd å kaste alle dei knuste glasa og blomsterpottene utan skal, som lek kvar gang du kjem på å vatne plantene.

Men det er nokon eg ikkje greier å kvitte meg med, og det kan ha noko å gjere med at eg er så imponert over måten stakkarane klamrar seg til livet på. Eg har nemleg så lite grøne fingrar det går an å ha, noko som ikkje er vanskeleg å kanskje ane om du stikk innom. Mi eiga bestemor, som lagar gull av alt ho tar i, truleg også gråstein, og som garantert aldri har latt ei spire visne hen, påpeikte det seinast i går, at det ikkje akuratt var frodig her...men at det kanskje kom seg om sommaren?? Nix. Ser du vekk i frå eit par markblomster i ny og ne, er glaskarmane like blotta for orkidear og andre botaniske underverk då. 

Det er derfor eg lir under samvittighetens tunge kvaler no. Det har seg nemleg slik at for nokre år tilbake fekk eg ein yoccapalme til bursdagen. Den har overlevd det meste, og sett meir enn dei fleste på sin alder vil eg tru. Den må rett og slett vere seigliva som få. Medan andre har falle frå underveis, det vere seg både sambuarar og sprukne vasar, andre medlem av blomsterfamilien og for så vidt nokre medlem av min eigen også,  har den holdt stand ved mi side. Når det såg som tørrast og mørkast ut for oss begge, har vi reist oss, funne ny giv og strekt oss mot lyset. 

Men no er det over. Sjølv om eg prøvde å vere positiv i haust, gje den ny potte og meir jord, følte eg allereie at det var begynnelsen på slutten. Og etter å ha prøvd kvart eit hjørne i kvart eit rom av min ringe bolig, var det rett og slett ingen plass den passa inn. Ikkje er den vel like moderne lenger heller, utan at det skal ha så mykje og sei.  Likevel, i det sambuaren var på veg ut døra med den i går kveld, for å plante den i hekken (etter at eg begynte å grine då han ville sage den i stykker og hive den i bosset, for i hekken har den jo i det minste ein sjanse til å overleve, sant?), tok morsinnstinktet overhand. 

Derfor har eg no følgande melding til alle barmhjertige sjeler der ute: Er det nokon som vil ha ein yoccapalme i sin beste alder, med livserfaring så det held, til odel og eige? Den er ca 1 meter lang, godt stelt, vatna ved spesielle anledningar, har to visne, men ellers svært grøne blad, og har regelmessig og ved behov fått seg ei sangstrofe. Gis bort pga endring i livssituasjon og familieforøkelse.

Ta kontakt med underteikna! billmrk:treng ny stad å bu.


Her er vidunderet, midlertidig plassert i ein bod, som ber tydeleg preg av at eigaren samlar på ting...

1 kommentar:

  1. Hihi Var no ikkje so reint lite da lasse so kom på Bakkjen heller...ei fryd fø gamle "velfødde" tante,heilt t da sko prøvast....:P jaija...lukke t med omplasering av palmen,ikkje kom her med den,hakje plass!!!!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...