tirsdag 1. november 2011

KVEN SKULLE TRUDD?

At mykje skulle forandre seg når eg blei mamma, hadde til og med eg ei viss aning om. Eg skjønte jo at vi kom til å bli tre under samme tak liksom, at eg ikkje skulle sove dei neste fem åra, at kroppen truleg ville endre fasong, og at vi aldri skulle ha tid til å vere kjærestar igjen.

Likevel var det ein del punkt som har vist seg å følge med "mammapakka", eg aldri hadde trudd skulle bli tema. Eg vil gjerne dele desse med andre, i håp om at eit stakkars gravid menneske, eller eit menneske som ein gong ser for seg å bli mamma, kanskje kan førebu seg litt betre på kva som vil komme.

La oss starte med ein del ting eg aldri trudde eg skulle komme til å vurdere å bruke:

Silikon. Let`s face it! Newton hadde rett; det som ein eller anna gong har vore oppe (og det UTAN BH til og med!) MÅ nødvendigvis komme ned igjen...Mine to fordums stoltheiter rekk meg nesten te knea, og der eg før gjekk utan BH i kjolar med heftig utringing, må det no heisast opp og bindast fast. Begynd å spare med det same! Her vil eg også nevne at det e ein GOD ide å gifte seg FØR ein får born. Det e nemleg veldig vakkert med ei ung møy i brudekjole, i staden for ei utarma småbarnsmor som kjem skridande opp kyrkjegolvet, med kjolen tapa fast til kroppen pga vedheng her og der...

Hemoridekrem. Og då meiner eg ikkje til den bruken den er meint til, sjølv om eg veit at mange må ty til det også. Neida, i beste Jan Thomas-stil har eg gått så langt som å prøve denne under auga. Det er løye kor lett ein drit i råd frå dermatologar og hudlegar når søvnen har glimra med sitt fråvær i eit års tid. Biverknadar? SO WHAT! Her gjeld det berre å få redda det som reddast kan, og det hjelp faktisk! Det svir som berre juling, men du verden for eit løft dobbelthakene under dei matte og utslitte auga våre får!

Glidekrem. Har ikkje prøvd dette enda,orkar ikkje. Men det skal i følge veninner som har født og faktisk har eit aktivt sexliv etterpå, vere reine vidundermiddelet.

Men det stoggar ikkje der, for det er andre tema som er enda merkelegare å oppta hjernen sin med. For kem i alle daga hadde trudd at mykje av den våkne tida skulle gå med til tankar og ikkje minst SNAKK om desse godbitane:

Bæsj. Konsistens, mengde, lengde,u name it. Vi småbarnsmødre ville gjort eskrementforskarar misunnelege i vår analyse av dei små trolla våre sine bæsjebleiar. Eg har fleire gongar måtte ta meg i det, akuratt i tide, før eg har posta ein eller anna status på facebook om bæsj! Bæsj! Kva gir du meg? Men det er løye med det, bæsj er plutseleg blitt eit heilt legitimt tema å snakke om. "Magnus hadde DEN harde bæsjen i dag, trur han må ha meir sviske!" eller "Veit du? I dag skifta vi bleie TRE gongar før vi gjekk formiddagstur!"tre gongar!hoihoihoi, tenk da du!

Søvn. Altså, herregud, tenkte eg, kor gale kan det eigentleg vere? Det var det eg i uvitenhetens navn tenkte når folk med små barn snakka om søvnmangel og våkenetter. Dei sat der og såg meg djupt inn i augene der eg sat å vagga med stor kul på magen, med heftig bekkenløsning og ikkje sov om natta, medan dei messa om at eg MÅTTE sove no når eg kunne. Eg skulle ha lytta, skulle ha dopa meg ned medan eg kunne. Sovepillar og amming går dårleg saman. For utanforståande må det vere forvirrande å høyre ei heilt vanleg samtale mellom nybakte foreldre: "Kor lenge stod det på i natt då?" "To timar, eg er heilt utslitt!""Ja, min gav på heilt til han fekk puppen!"
Søvn, det som før var like sjølvsagt som å puste, er blitt ein dyrebar skatt, og du klamrar deg til dei timane du kan få tak i i løpet av eit døgn. Søvnen er til og med blitt ei kjelde til forakt, for plutseleg berre hatar du dei opplagte tryna på dei som får nok, du får lyst til å kvele dei strålande mødrene med ungar som søv heile natta, og den du faktisk prøver å kvele i desperasjonens grep, er partnaren din, som på mystisk vis ser ut til å gå glipp av både hylgrining og nattmat. Medan han snorkar.

Eg kunne nevnt så mykje meir. Den dårlege samvittigheten over at du aldri liksom får heilt teken på å vere mor,eller at du ikkje helde deg sexy nok for far.  Maten på glas, som eigentleg vart kjøpt inn som reservelager til "dei dagane eg ikkje får tid til å lage maten sjølv", men som no heller er regelen enn unntaket. Bekymringar om han vert stimulert nok, og om du eigentleg skulle tatt deg tid til å sjekke facebook medan poden må ligge på matta si aleine og sjå barne-tv. Om han er varm, eller for kald, om grauten er økologisk, om leikane er godkjende, eller om plasten kjem te å flasse av i munnen på han.

Likevel. Det er fantastisk å vere mamma. Det einaste du treng er eit smil frå den lille, så gløymer du til og med at du nettopp gjekk på butikken med buksa bak fram, og graut i håret. For alle har høyrt om ammetåka, og DEN tør ingen å kødde med ;)

7 kommentarer:

  1. hahaha!! so sant so sant!:)

    SvarSlett
  2. Ja,og no har du EIN....hoho.Klem frå ei som har vert småbarnsmor i 24 år :P

    SvarSlett
  3. syns du helde deg godt eg, tanta ;) men viss du ska skine litt ekstra te jul, ekje Jan Thomas so dum ;)

    SvarSlett
  4. Kjenner jeg gleder meg allerede ;) Er sikker på at du er verdens beste mamma <3

    SvarSlett
  5. Hahahahahaha, fantastisk!!!! Jeg nikker gjenkjennende til alle punkter ;) Håper alt går bra med deg og skjønningen. Hilsen Hege (og Stella som endelig har tatt til fornuften og sovnet)

    SvarSlett
  6. Hehe, godt å vite at andre kjenne seg igjen ;)

    SvarSlett
  7. Eg lo godt. Hærlig skrevet, damen!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...