onsdag 5. oktober 2011

Hjertesukk

Det var ikkje sånn det skulle vere. Og det skjedde så alt for fort. Det skulle gå minst eit år. Men då andre begynte å fortelle om at det hadde hendt dei allereie etter 4-5 månadar, kjente eg det. At det snart kom til å skje meg og.
Det var i går. Eg merka det allereie då eg stod opp og såg kva mannen i huset hadde stelt til om natta. Berre det at han hadde gjort det etter at eg hadde lagt meg, gjorde til at det føltes som noko ulovleg, noko feil, noko som ikkje skulle vere. Som eit svik, nesten. Eg lukka døra. Tenkte at berre eg lata som den ikkje var der, så var det ikkje sant. Men heile stemninga i huset var forandra. For meg kjentes hauststormen utafor vindauget merkeleg nær ut. Den matcha følelsane inne i meg. Det skrangla liksom litt. Ulte og peip. Men mannen var blid som ei sol. Mistenksomt gla. Ja, nesten opprømt på ein måte. Som om han venta på den aller siste og største julegåva under treet. Sikla berre etter å pakke opp.
Folk kom innom, beundra det mannen hadde stelt i stand. Sa det var på tide, snakka om kor flott det skulle bli. Sikkert...hjartet mitt blødde.
Så var stunda komen. Eg orka ikkje sjå på. Mannen måtte ordne det. Eg snudde ryggen til. La meg i senga, felte nokre tårer, det heile var nesten ikkje til å bere. Mannen prøvde å trøyste, kneka seg inntil, håpte vel på napp. Det hjalp ikkje. Eg følte meg kald, prøvde å stenge følelsane ute. Dei reiv og sleit i heile meg.
Men så sovna eg. Og sov ein merkeleg djup og god søvn. Då eg våkna hadde eg ikkje dei blå posane under augane lenger. Puppane var til og med større, ikkje ihelsugde liksom. Eg følte meg så rar, kroppen kjentes så underleg.
Eg stod opp, og gjekk inn på rommet ved sidan av, trudde nesten ikkje det eg såg.
Magnus sov fortsatt. Tydelegvis fornøgd med si første natt i si nye seng, på sitt nye rom...
Sånn vil eg at vi skal sove...for alltid!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...