onsdag 14. oktober 2015

Mannestress.

Som tidlegare nevnt, har eg ein gubbe. Han er ganske grei han altså, men han er så stressa.
Han kavar seg opp for det meste, om det er feilstabla oppvaskmaskin, negative sportsresultat, harde ting (f.eks gulrot) i spaghetti bolognesen, eller idiotar i trafikken. (Når desse dukkar opp, har han ei rar vane, spesielt i rushen om morgonen: han kjører heilt opp i ræva på "idioten" i Fløyfjellstunellen og blinkar heilt oppkava med lysa, heilt til bilen framfor bytter felt. Då eg var høggravid begynte eg å grine ein gong, då sjåføren i den andre bilen viste fingeren etter at vi kom ut i dagslys. Det er nemlig skjeldan at vi kjem ut av tunellen så lenge før den andre bilen likevel.)

I tillegg blir han veldig sint av å ikkje rekke ferga, eller av å ligge bak tyskarar på vegen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i juli. Ein gong var han veldig glad: vi hadde komt først i fergekø på Lavik, og du skulle berre sett kor augene hans glitra då vi fekk kjøre først av. Dessverre var dette nokre veker etter at minstemann kom til verda, og minstemann var svolten. Det enda med at vi måtte stoppe i et busstopp for å amme (etter å ha prøvd å overhøyre skrikinga i eit kvarters tid, far ville jo definitivt ikkje sleppe rælet som kom bak forbi). Tristare syn enn mannens blikk i det campingvogner og trailerar passerte på E39 skal du leite lenge etter. Eg trur til og med småen på fire veker kjende på dårleg samvittighet for ikkje å kjenne si ammetid.

Det rare er, at fyren veit jo egentlig ikkje korleis det er å vere stressa på skikkeleg! La meg ta nokre eksempel frå nær fortid:

I går skulle alle fire ut av huset. Mannen og storebror skulle på turn, eg og lillebror skulle på visning av eit hus. (La meg her legge til at vi har gått på ein del visningar, men mannen blir så stressa at kvar gang vi har vore og sett på noko set han seg i godstolen heime og seier "Jaja, vi bur jo fint her vi bur. E jo tiltak å flytte." Og så blir vi buande på 85 kvadrat.) Det som skjer veit du, er at i det det er fem minutt igjen til vi skal vere der vi skal vere, og eg har laga middag, rydda av og gjerne sett på ein klesvask eller to, så ligg det ein stk lillebror med full bleie i babygymmen, ein fireåring sit i sofaen med skitne barnehageklede, og desse to, inkludert to voksne skulle vore ut av døra for lengst. Kva skjer? Joda, mannen finn ut at han må barbere seg (!) før han kan gå. Så medan han går på badet, fiksar mor resten, og så endar det som regel opp med at vi rekk det akuratt, med tørr bleie, reine klede og glatt fjes, mens mannen seier at det er jaggu stress med denne turnen kvar tirsdag.

Det same gjeld badinga vi går på om mandagen. Sjukt stress, meiner mannen, i det han blir plukka opp av oss andre på jobb og får bagen levert ferdig pakka, med den nye badeshortsen hans oppi.

La meg berre avslutte med høgtidene.

Vi hadde dåp forrige helg. Skikkelig stress, meinte mannen. Oppgåvefordelinga var som følger:
Han: Møte opp. Meg: Resten.

Det rare er  at då vi kom heim etter dette gildet, sa mannen at det var godt å få unna den dåpen, no var det jo ikkje meir å stresse med, det var berre å få jula i hus, så vi kunne stresse ned i desember.

Her er lista over julegåvene han skal få i hus:


Her er mi:

Ha ei stressfri førjulstid :)


onsdag 5. august 2015

Om eg kunne

Ville eg sende varmen frå solstrålane inn i hjartet ditt,
la dei kjærleg teikne fregner på nasetippen din og få deg til å le.

Eg ville be regndråpen om å  krible deg i nakken,
snøfnugget om å danse på tunga di,
spørre vinden om å kviskre vakre ord i øyret ditt og blåse bort alt som gjorde vondt.

Eg ville at du skulle kjenne gleden over blomane som fryder seg i grøftekanten.
Krølle tærne i mjuk sand.
La havet gli silkesvalt mot huda di som eit mildt kjærteikn.

Eg ville at du skulle sjå isen glitre
Stjernene blinke
Himmelen gløde.

Eg ville be fuglane synge for deg,
at du skulle kjenne fossen bruse i blodet
og finne roen i skogens sus.

Eg ville at du skulle stryke handa di over mjuke strå
Kjenne kjærleiken frå ein varm klem
Eg ville bedt draumane dine om å løfte deg fram.

Eg håpar englane ser deg
Og at ein gyllen solnedgang gir deg fred.






torsdag 25. juni 2015

MAGISKE PADLETURAR I FIRE ÅRSTIDER

- Vi minnes ikke dager, men øyeblikk. Dette er eit sitat eg prøver å leve litt etter. Mange av dei finaste øyeblikka dei siste åra, har eg opplevd saman med tante Marit i kvar vår kajak. Eg har fått lov å gjengi ein reportasje vi har laga, som i desse dagar er å finne i Magasinet Padling. Dette er nokre av våre øyeblikk, som kanskje du også kan vere så heldig å oppleve, om du følgjer våre åretak? :)

Eg gledar meg iallefall til fleire slike øyeblikk.
(Beklager litt dårlig kvalitet, anbefaler sjølvsagt alle til å kjøpe bladet!)







onsdag 22. april 2015

Det var den lua


Det var den lua som gjorde noko med oss.
Vi hadde sett på dei lenge. Menneska som la ut på ei ferd dei visste kunne koste dei livet. Desse menneska gjorde det likevel, fordi dei ikkje hadde noko liv å flykte frå. Vi hadde sett bølgene, hørt om skrika, vi hadde delt sakene om organisasjonane som desperat ba Europa om hjelp. Vi hadde akkurat rukke å lese hetsen i kommentarfelta. Den var prega av fordekt frykt, til forveksling likt hat. For frykt kan gjere menneska dumme. Og feige.

Vi hadde signert opprop til statsministeren, vi hadde kjent på sinne og maktesløyse. Vi hadde rista på hovudet over meiningslause ord og skjøre lovnader. Vi lurte allereie på kvifor ingen handla, kor dei norske båtane blei av og kor mange fleire som skulle ende i Sydens våte massegrav.

Vi hadde sett tala over døde. Vi såg talet som viste kor mange som stod for tur og venta på land. 
 Men tal er vanskelege å forstå.

Så såg vi lua.

Den var rød og vi hadde sett den før. På våre eigne barn sine hovud. Vi hadde sett norske bestemødre strikke den. Vi visste at det barnet som har ei rød topplue er elska, og at nokon hadde tatt den på han fordi han ikkje skulle fryse.

No var lua klissvåt. Barnet som hang i armane på ein gresk fiskar pusta ikkje lenger.

Brått kom alt så brutalt nært. Det var umogeleg å sjå vekk. Kanskje kjente vi på det då vi henta våre eigne barn i barnehagen i går og tok på dei ei rød lue. Kanskje sang vi nattasang med klump i halsen, medan vi blei liggande å sjå på vårt eige sovande barn, som låg under ei varm dyne med raude kinn.

For medan tal kan vere vanskelege å knekke, kan eit dødt barn med rød topplue få hjartet til å briste.

                                Foto: AP


lørdag 7. mars 2015

TA DEG EIN BOLLE OG SOKKEHIMMELEN

Av og til har du ein dag som ikkje heilt er på di side. Her om dagen hadde eg ein slik dag. Den var faktisk så lite samarbeidsvillig at før klokka var bikka 09 hadde eg parkert utanfor kiwi på veg til jobb. Det  var nemlig ein ting eg berre måtte ha. For de har kanskje høyrt det sjølve; at det er ikkje korleis ein har det, men korleis ein tar det, det kjem an på. Vel, denne dagen var det berre ein måte å ta det på. Eg måtte ta meg ein bolle.


Sjølv om bollane lindra ein del av det denne dagen hadde å by på, så var det som om eg ikkje var heilt i vater likevel. Det er flaut å seie det, ein skal liksom ikkje bruke det ordet, men utan å gå i detalj så var eg rett og slett sliten. Der sa eg det. Eg var sliten, og på grensa til å syns synd i meg sjølv. Dette må ligge til grunn for det som seinare skulle komme til å skje.

Det var hos fysioterapeuten min den neste steinen blei lagt. Ho behandlar bekkenløysninga mi, og det var i det ho satte dei bekymra og medfølande augene sine i meg, etterfulgt av orda om at eg burde vere 100% sykemeldt, at eg først kjente på det. Dette at eg var så sliten. Og det var som om klappet på skuldra mi på veg ut derifrå blei eit dytt i retninga eg seinare skulle ta. 

Sjølve hovedhendinga denne dagen skjedde derimot på Cubus. Det var der dagen verkeleg snudde. Og det er også her eg lurer på om eg blei utsatt for eit usedvaneg skittent, men dog effektivt salgsstriks. Eg skulle berre innom for å kjøpe store, behagelege truser. (Ein god grunn for medynk i seg sjølv) Eg stod i kassen med trusene mine og skulle KUN ha desse, då eg har slått meg litt vel laus på nettshopping av type yummy mummy og glammom og sånt i det siste. I rein refleks tok eg med meg ein pakke sokkar også, og det var då det skjedde: Dama i kassen seier at det er tre for to på sokkar, kanskje eg vil ha med meg eit par til mann og barn også? 

Eg meiner det, det var som om eg knakk saman. Eg kjente at eg orka berre ikkje meir. Eg orka ikkje kjøpe sokkar til mann og barn, eg ville ikkje heim til mann og barn, eg kjente at beina knapt kom til å klare å bære meg frå Cubus og ned i bilen, eg skjønte ikkje korleis eg skulle klare å handle, lage middag, hente i barnehagen, rydde heime, gå på jobb igjen i morgon. Hellige moder, korleis i alle dagar skulle eg overleve tre månader til med bekkenløysning og kvalme og søvnlause netter?

Det var då dama gjorde det. I det tårene skal til å sprute og åndenøden pressar på, seier ho med mild stemme og dei MEST forståelsesfulle auga du kan tenke deg: "Eg veit kva du treng. Desse kosesokkane her er heilt fantastiske, har du prøvd dei?" Eg ristar på hovudet. Og der, i ei korg ved sidan av kassen ligg dei. Fluffy, mjuke, pastellfarga og delikate. Dei lyser omsorg, ro, medkjensle og varme. "Kjenn på dei", kviskrar ho, og eg er solgt i det fingrane stryk over det som kjennes ut som ein varm liten kattepus. "Eg tar to, eg då", seier eg forsiktig medan eg dreg pusten på plass att, og tar eit par lyseblå og eit par lysegrå sokkar opp av korga. Ho berre nikkar. Ho forstår. 

Brått er det som om livsgnisten kjem sigande tilbake, eg kjem meg ned i bilen, eg kjem meg heim. Eg stavrar meg bort i godstolen, opnar Cubusposen med skjelvande hender og med mine siste krefter får eg på meg dei lyseblå herlighetane. Det er som om det skjer eit under. Ein skulle tru at dei var laga av kjærleikens eigne hender, det er som om hovudet blir bomull og kroppen berre sig saman av lettelse.

For å sei det sånn. Eg kom ikkje lenger den dagen.





søndag 15. februar 2015

KOM TILBAKE!

Det som står i overskrifta der har eg aldri ropt til ein mann før. Ikkje som eg kan huske iallefall, og då tel det heller ikkje. Men no ropar eg det med heile meg. Inni heile meg, vel og merke. Det ville uansett ikkje vore noko poeng å brøle det høgt, for han som eg ropar det etter kan ikkje høyre meg, og eg vil ikkje at nokon andre skal tru at det er dei eg gaular etter.

Dette er forhistoria: Magnus har reist på ferie.
I det høvet har eg laga nokre lister:

1) Ting eg kan ha tenkt omtrent dagleg det siste året:

  • Tenk så deilig det ville vore å ha senga for seg sjølv.
  • Tenk så god tid eg ville hatt om det berre var meg å stelle om morgonen
  • Det er så stress å hente i barnehagen
  • Eg er så lei av å finne middag som alle har lyst på. 
  • Tenk om eg også berre kunne ta med sushi heim, drikke litt vin og stikke på vors. (Eg såg naboane gjere dette i går, og eigentleg var eg mest misunnelig på at nabodama var så tynn og pent kledd, medan eg sjølv gjekk i joggebukse og jakke som eg så vidt fekk igjen over magen).
  • Skulle ønske eg hadde tid å lese bøker
  • Skulle ønske eg kunne sjå modern family i staden for Fantorangen
  • Skulle ønske eg kunne reise jorda rundt
  • Magnus kjem aldri til å slutte med bleie, han kjem aldri til å slutte å kose med tommelen min, og han kjem aldri til å legge seg aleine.
  • Gud så deilig det hadde vore med litt barnefri.
2) Ting eg har gjort i dag, timar før Magnus skal på ferie (og vi får barnefri).
  • Eg kom grinande opp over kirkegolvet med Magnus og ein drøss andre 4-åringar som skulle få fireårsbok, vidare grein eg då vi sang ein dåpssalme, tårene trilla under "måne og sol" og jammen hadde dei ikkje toppa det med gråtevisa "Eg foldar mine hender små" (Har eg nevnt at eg er svært svak for salmar?) Eg snufsa medan Magnus gjekk fram og fekk levert boka (ekstra ille sidan eg stod ved sidan av), og eg grein også ein skvett i det organisten spelte oss ut igjen. (Eg er veldig svak for orgelmusikk).
  • Eg grein også då Magnus sa at lillebroren kan få tommelen min når han kjem ut, for han sjølv treng den ikkje sidan han no er stor gut.
3) Ting eg har gjort den siste timen:
  • Eg har hulka heile vegen frå byn til Åsane etter at Magnus gjekk hand i hand med besten ombord i ekspressbåten. (Det hjalp ikkje at Bon Jovi og Bed of roses var på radio, den e så trist og fin) 
  • Då eg kom heim snufsa eg litt til medan eg rydda opp eit halvt kilo krem og syltetøy frå det nyaste teppet mitt, medan katten åt opp resten av ein skvisa fastelavensbolle.
  • Eg har vinka til båten frå altanen. (Eg tenkte eigentleg å vifte med eit stort Norgesflagg, men eg fann det ikkje, så eg brukte eit kjøkkenhandkle.)
Det verste er at no når eg og mannen endeleg er aleine, klarer eg ikkje tenke på sushi eller anna take away, vin er uansett utelukka, og eg er ikkje i humør til å sjå Modern family. Faktisk trur eg at eg skal sjå ferdig Snehvit og de syv dvergene eg og Magnus begynte på i dag tidleg, medan eg legg meg i fosterstilling og tvingar mannen til å halde meg i tommelen.





tirsdag 27. januar 2015

TING EG IKKJE SKULLE GJERE NÅR EG BLEI GRAVID - IGJEN.

På same måte som eg gjekk på ein smell når det gjaldt ting eg ikkje skulle gjere når eg blei mamma, har det same gjentatt seg no når eg er gravid for andre gang. Det var nemleg ein del ting eg tenkte eg skulle gjere annleis denne gangen, slik at eg kunne gjennomføre graviditeten med meir stil.

Eg har synda:

- Eg kjøpte gravidbukse i fjerde måned, sjølv om eg var fast bestemt å gjere som moteeliten, berre gå opp en størrelse i vanlige bukser. Det er berre det at eg trur at babyen min ligg litt lenger nede enn deira, så det blei rett og slett for stramt.

- Følgande matvarer har funne vegen ned i gravidgapet: Store Mc Donalds menyar, brus, milkshake, is, meir brus, kjeks, sjokolade, kake, drops og diverse baguettar frå subway med følge av chips i diverse smakar. (At mykje har komme opp igjen på grunn av kvalme er vel strengt tatt inga unnskyldning). Eg har ete oboy med skei. Og eg har hatt fem skeier oboy oppi eit lite glas melk for deretter å styrte det.

- Eg har snakka om graviditeten. Masse. Også til dei som aldri har vert eller kjem til å vurdere å bli gravide. Det vere seg barn, menn og andre tilfeldig forbipasserande.

- Eg har klaga. Masse.


- Eg har lest at svangerskapskvalme rammar flest kvinner i den tredje verden. Etter at eg tileigna meg denne informasjonen har eg likevel fortsatt å klage.

- Eg har ringt mamma for å få trøst.

- Eg la ut bilde av magen på Instagram (lenge) før eg hadde tenkt.

- Eg deler alle detaljar om kroppens forandringar med mannen. Etterpå anklager eg han for å ikkje syns at eg er sexy lenger.

- Eg har ønska andre gravide dit pepperen gror (berre inni meg sjølvsagt) fordi dei ikkje er kvalme. (Det ER då verkeleg urettferdig?)

- Eg har ikkje tatt all omega 3-en og dei andre vitaminane eg skulle tatt. Har dåke sett kor store desse omega 3 pillane er eller?

- Eg går i joggebukse heime. No er den kne i, og flekk på. Eg går i den likevel.

- Eg har berre vore på SATS én gang på fire månader. I løpet av samme periode har eg gått omtrent same antal turar.

Og eg er berre halvvegs.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...